Sparebanken Vest og Eiendomsmegler Vest har dei siste fire åra hatt ein juletradisjon som er kjær for mange tilsette. I staden for at dei tilsette får ein gåve frå arbeidsgivaren, har dei ein adventskalender der kvar tilsett får gi 4000 kroner til eit velgjerdsformål.
Dei tilsette får velje
Formåla har dei moglegheit til å plukka ut sjølve. Kvar morgon i desember fram til julaftan, kan dei tilsette sjå ein video der ein kollega presenterer ein organisasjon som dei brenn for og kvifor dei ønsker å støtte denne.
Når alle dei 23 lukene med dei 23 ulike formåla er opna, står valet fritt. Og for 2020 ser ein tydeleg at vala er farga av annleisåret som vi har bak oss.
– Mange av tiltaka og organisasjonane som dei tilsette har valt dreiar seg om barn og unge og å sørge for at dei har det bra no i pandemien. Flotte organisasjonar som Bonusbarn Laksevåg, Kors på Halsen og ungdomsprosjektet til Sportsklubben Haugar er gode eksempel på dette, seier prosjektleiar Giske Eggen.
Delte ut midlar til Sjukehusklovnane
Førre veke fekk to av dei tilsette i Sparebanken Vest dele ut midlar til organisasjonar som dei har nominert – Sjukehusklovnane og Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland sjukehus.
– Julekalenderen er ei fantastisk moglegheit til å få presentere nokon som fortener å bli ekstra verdsett for den innsatsen dei gjer, seier Birthe Norstrand, kunderådgivar i Sparebanken Vest.
– Andre treng det meir enn meg
Birthe nominerte Sjukehusklovnane – eit tiltak som mange kollegaer ville støtte. Til saman fekk dei 204 000 kroner.
– Sjukehusklovnane er, med sin sprudlande varme og empatiske nærvær, med på å gjere ein vanskeleg og vond situasjon litt betre for barn som er innlagt på sjukehus og deira pårørande, seier ho.
Barne- og ungdomsklinikken, der sjukehusklovnane ofte held til, fekk 216 000 kroner. Morten Oehme, leiar for sparing og plassering i banken, nominerte dei.
– Julekalenderen er eit heilt supert initiativ som gir meg sjansen til å både nominere og gi pengar til nokon som treng det meir enn meg, seier han.
Kommenter artikkelen nedenfor: