1. desember 2022 er ein historisk dag – i dag har Etne Sparebank formelt sett blitt ein del av Sparebanken Vest.
– Denne dagen har me sett fram til lengje. Me er stolte over at Etne Sparebank valde oss som fusjonspartnar – det viser at Sparebanken Vest er ein attraktiv partnar også for framtidige samanslåingar i sparebanksektoren, seier Simen Løland Aarskog, konserndirektør for personmarknaden region sør i Sparebanken Vest.
Kundane blir kontakta
Sparebanken Vest ønskjer å spele ei viktig rolle for lokalmiljøet og næringslivet i Etne og Vindafjord, fortset han:
– Me ser ein spennande person- og bedriftsmarknad i regionen med eit betydeleg potensial for å vekse. Regionen har eit fantastisk næringsliv med både stolte tradisjonar og ei vilje til å skape nytt.
No byrjar overføringa av kundar i Etne Sparebank over til Sparebanken Vest.
– Kundane i Etne Sparebank vil bli kontakta av oss og losa gjennom heile prosessen, seier Simen.
Magnhild er ny banksjef i Etne
Magnhild Gravelsæter Våge er tilsett som banksjef for Sparebanken Vest i Etne frå 1. juni 2023. Ho har lang erfaring frå SpareBank 1 SR-bank, både som autorisert finansrådgjevar og banksjef.
– Eg er stolt over å få vera med på å bygge framtidas lokalbank saman med dyktige kollegaer i Sparebanken Vest, og ser frem til å gje råd til nye og eksisterande kundar på privat, bedrift og landbruk, seier ho.
Simen er svært nøgd med tilsettinga:
– Magnhild er framoverlent og ambisiøs, kjenner regionen godt, og deler vårt ønskje om å vekse og satse i Etne og Vindafjord. Ho har solid erfaring frå både personmarknaden og bedriftsmarknaden, ikkje minst innan landbruk, som er ein vesentleg del av bankens portefølje i regionen, seier han.
Maren Tungesvik Tveiten, som i dag er rådgjevar i Sparebanken Vest i Etne, vil fungere som banksjef i Sparebanken Vest i Etne fram til Magnhild er på plass.
Har oppretta Sparebankstiftinga Etne
Samtidig som samanslåinga er eit faktum, har styret i Etne Sparebank samtidig vedtatt oppretting av Sparebankstiftinga Etne.
– I ny Sparebanken Vest-drakt skal me framleis gje støtte til små og større prosjekt i lokalmiljøet, og bidra til at livet på Vestlandet blir endå litt betre, seier Magnhild.
Kommenter artikkelen nedenfor: